Barnehagelærar

ULSTEIN KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJONMøre og RomsdalEURESzveřejněno 21. 08. 2026

Ulstein kommune har fire kommunale barnehagar; Høddvoll barnehage, Sundgotmarka barnehage, Sætra barnehage og Almejordet barnehage. Almejordet og Sætra barnehage skal etter planen flyttast og slåast saman til ny barnehage på Skeide frå barnehageåret 2027/2028. Her kan du lese meir om barnehagane. Vi vil frå desember ha ledig stilling som barnehagelærar i Sætra barnehage.

Vi er på jakt etter ein topp motivert, engasjert og kvalitetsbevisst barnehagelærar som kan legge til rette for leik og trygge relasjonar.

Barnehagane arbeidar med uteliv og inkluderande barnehagemiljø, der gode naturopplevingar og alternativ kommunikasjon (ASK) er sentrale deler av kvardagen. Dei tilsette arbeidar ut frå tanken om at barna skal vere i sentrum, og at barn er verdifulle, kompetente og sosiale.

Oppstart etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet i samhandling med andre tilsette
  • Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av enkeltbarn og barnegrupper
  • Påverke og delta i endrings- og utviklingsarbeid
  • Samhandling med andre instansar
  • Medverke til godt foreldresamarbeid
  • Ha kunnskap og handlingskompetanse om barnas leik, leikemiljø og kunne delta og rettleie barn i leik
  • Gjennomføre og delta i avdelingsmøte, personalmøte, foreldremøte, utviklingssamtalar m.m.
  • Rettleie kollegaer for å fremme eit godt leike- og læringsmiljø med fokus på gode relasjonar

Kvalifikasjonar

  • Krav om godkjend utdanning som barnehagelærar
  • God relasjons- og leikekompetanse
  • God munnleg og skriftleg kompetanse og digitale ferdigheiter
  • Gode leiareigenskapar med evne til å jobbe sjølvstendig og bygge gode lag rundt barna

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunekasjon- og samarbeidsevne
  • Løysingsorientert
  • Autoritativ
  • God motivator
  • Evne til å vere strukturert og handtere fleire oppgåver samtidig

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Det er viktig at du kan arbeide i tråd med kjerneverdiane til kommunen: Nyskaping - omsorg - rausheit - mangfald

Vi tilbyr

  • Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Varierande og spennande arbeidsoppgåver
  • Nydeleg nærmiljø med sjø, skog, fjell, strand, parkar og dyr rett utanfor døra
  • Autonomi
  • Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
  • Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ

Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest etter barnehagelova §19 KontaktinformasjonKaroline Møller , Styrar Sætra barnehage , 98845843, karoline.moller@ulstein.kommune.no ArbeidsstadSjøgata 63 6065 Ulsteinvik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten

Referansenr.: 5165511567 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.09.2026

Om arbeidsgiveren:

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.