Tannlege ved distriktstannklinikken Stranda

TANNHELSETENESTA I STRANDA· Møre og Romsdal· EURES· zveřejněno 23. 06. 2026

Vi har ledig, fast 100% stilling som tannlege ved distriktstannklinikken Stranda i Ålesund kompetanseregion

Vil du kombinere ein meiningsfull jobb med eit aktivt liv mellom fjord og fjell?

I Stranda bur du midt i noko av det vakraste Vestlandet har å by på – med korte avstandar frå jobb til toppturar, puddersnø i skisenteret og fisketurar på fjorden. Her får du høve til å leve eit rikt friluftsliv året rundt, samtidig som du blir ein del av eit levande lokalsamfunn med engasjerte lag, kulturtilbod og gode oppvekstvilkår.

Arbeidsoppgåver

Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som tannlege
  • God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg
  • Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit

Personlege eigenskapar

  • Trivst med å jobbe med og for menneske
  • Jobbar effektivt og sjølvstendig
  • God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein god jobb der du kan utvikle deg
  • Lønn etter avtale
  • Oppdatert og fin tannklinikk
  • Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
  • Trivelege medarbeidarar og godt miljø
  • Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer
  • Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
  • Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
  • Etableringstilskot
  • Flyttegodtgjersle

Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Den som vil bli tilsett må levere politiattest

Kontaktinformasjon

Julianne Langelo Hole, Klinikkleder, 41367808 Are Kristoffer Hjeltnes, Overtannlege Ålesund kompetanseregion, 92045001 Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500

Arbeidsstad

Øyna 24 6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5148101394 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 17.08.2026

Om arbeidsgiveren:

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og Romsdal

Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?

  • Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke?
  • Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske?
  • Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper?
  • Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit?

Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!