Sjukepleiar 100% fast stilling

Midt-Telemark kommuneTelemarkEURESzveřejněno 14. 09. 2026

Gvarv legesenter er eitt av to legekontor i Midt-Telemark kommune, og ligg sentralt plassert ved Gvarv bru. Legesenteret held til i moderne, lyse og trivelege lokale som gir gode arbeidsforhold for både legar og helsesekretærar.

Vi har opningstid frå kl. 08.00 til 15.30 på kvardagar, og fungerer i tillegg som daglegevakt for kommunen. Dette gir ein variert og spennande arbeidskvardag med eit breitt spekter av oppgåver og pasientgrupper.

Ved legesenteret er det seks fastlegar og éin LIS1-lege. Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø, tett samarbeid og fagleg utvikling. Hjelpepersonellet rullerer mellom arbeid i resepsjon, laboratorium og skadestove, noko som gir ein variert arbeidsdag og høve til å utvikle brei og allsidig kompetanse.

Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø som arbeider saman for å gi innbyggjarane i Midt-Telemark gode helsetenester. Vi tilbyr eit triveleg arbeidsmiljø, spennande faglege utfordringar og moglegheit til å vere med på å utvikle tenestene vidare.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver på laboratoriet:

  • Ta blodprøver og andre laboratorieprøver.
  • Utføre EKG og spirometriundersøkingar.
  • Utføre sårstell og sårskift.
  • Bistå legane i ulike medisinske og administrative oppgåver.
  • Utarbeide og oppdatere prosedyrar og rutinar.
  • Gjennomføre kontrollar og oppfølging av pasientar etter gjeldande rutinar.
  • Handtere andre oppgåver som naturleg høyrer til laboratoriedrifta.

Arbeidsoppgaver i resepsjon:

  • Følgje opp og behandle meldingar som kjem inn via Helsenorge.
  • Svare på telefon og handtere innkomande førespurnader.
  • Ta imot og ekspedere pasientar i resepsjonen.
  • Bestille tolketenester, transport (taxi) og andre nødvendige tenester for pasientar.
  • Utføre andre administrative oppgåver knytt til resepsjonsarbeidet.

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Autorisert sykepleier
  • Beherske norsk skriftleg og muntleg (dokumentert B2 nivå)

Ønska kompetanse

  • Erfaring frå legesenter er ein fordel

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

  • Glad i å arbeide med menneske
  • Evne til å handtere ein travel og hektisk arbeidskvardag
  • Gode samarbeidsevner og evne til å samarbeide med ulike yrkesgrupper
  • Fleksibel og omstillingsdyktig
  • Evne til å skape tryggleik for pasientar i ulike situasjonar
  • Kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar for eigne oppgåver

Personlege eigenskapar vektleggast.

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

KontaktinformasjonEli Aaland, Avdelingsleiar, +47 90170836 ArbeidsstadGvarvgata 69 3810 Gvarv Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 5169014902 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 28.09.2026

Om arbeidsgiveren:

Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.