Einingsleiar Miljø- og velferdstenester - 100% fast stilling

STRYN KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON· Vestland· EURES· публикувана на 18.06.2026 г.

Stryn kommune søkjer ein nysgjerrig, motiverande og samlande leiar som vil vere med på spennande utviklingsarbeid i Miljø og velferd dei næraste åra.

Som einingsleiar i Miljø og velferd vil du ha ei sentral rolle i å vidareutvikle tenestene gjennom nye arbeidsmåtar, god fagutvikling og målretta endringsarbeid. Det vil vere stadig fleire innbyggjarar som har behov for kommunale tenester, noko som gjer at nytenking, omstilling og berekraftige løysingar står sentralt i stillinga. Samstundes er det viktig å ta vare på det som fungerer godt i dag.

Om eininga

Miljø- og velferdstenester består i dag av:

  • Teneste for rus og psykisk helse
  • Teneste for menneske med funksjonsnedsetting
  • Avlastningsbustad for barn
  • Arbeidssenter
  • Koordinerande eining

Tenestene arbeider tett saman for å leggje til rette for meistring, deltaking og god livskvalitet for brukarane.

Som einingsleiar vil du ha overordna personal- og budsjettansvar, samt hovudansvar for drift, beredskapsarbeid og internkontroll i eininga. Du har òg det overordna faglege ansvaret for tenestene.

Du vil vere ein del av kommunalsjef for Helse og sosial si leiargruppe og bidra aktivt i tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid i kommunen.

Arbeidsoppgåver

Som einingsleiar har du ansvar for:

  • Personalleiing, arbeidsmiljø og kompetanseutvikling
  • Budsjett- og økonomistyring
  • Drift, internkontroll og beredskapsarbeid
  • Dagleg og organisatorisk utvikling av tenestene
  • At tenestene er i samsvar med gjeldande lovverk og etiske retningslinjer
  • God samhandling med brukarar, pårørande, andre einingar, samarbeidspartnarar og frivillige

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning på høgskule- og/eller universitetsnivå, gjerne innan helse- og sosialfag Leiarutdanning og/eller leiarerfaring vil bli vektlagt

Vi ønskjer at du har:

  • Forståing og interesse for medarbeidardrivne endringsprosessar
  • Kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
  • God forståing for økonomi- og budsjettarbeid
  • Interesse for fagutvikling, kvalitet og tverrfagleg samarbeid

Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på at du:

  • Er ein tydeleg, inkluderande og motiverande leiar
  • Har evne til å samle og engasjere medarbeidarane
  • Er trygg i endringsleiing og utviklingsarbeid
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er opptatt av kvalitet, etikk og brukarorienterte tenester

Vi tilbyr

  • Ei spanande leiarstilling med stor påverknad og utviklingsmoglegheiter
  • Deltaking i strategisk utviklings- og planarbeid i kommunen
  • Eit godt arbeidsmiljø med kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

KontaktinformasjonAlexander Rande, Kommunalsjef, 97040762 Åshild Heggdal, Einingsleiar miljø- og velferdstenester, 93446790 ArbeidsstadTonningsgata 4 6783 Stryn Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stryn Kommune

Referansenr.: 5147609344 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.07.2026

Om arbeidsgiveren:

Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.

Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.

Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn