Psykolog

Øyane DPS/ psykose døgnbehandling, Helse Bergen HFØygardennavfeedpublisert 15.10.2026

Om selskapet

Ønsker du å vere ein del av eit sterkt fagmiljø på ein døgnseksjon der pasientbehandling står i sentrum?

Seksjonen er ein open døgnseksjon med fokus på rehabilitering av pasientar med psykoselidingar. Seksjonen har 8 sengeplassar. Personalgruppa er tverrfagleg og består av psykiater, psykolog, LIS-lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionom, helsefagarbeidar, miljøterapeutar og assistentar. Vi har fokus på tverrfagleg samarbeid internt og har tett samarbeid med psykose poliklinikk/FACT, samt andre samarbeidspartnarar for å skape gode rammer for pasienten og bidra til å auke meistring og livskvalitet. I behandling har vi fokus på psykologisk behandling, miljøterapi og medikamentelle tiltak. Ernæring, musikkterapi og fysisk aktivitet er også vesentlege element i behandlinga.

Øyane DPS er eit av tre DPS ved Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken flytta inn i nye lokale i 2011 og er lokalisert i naturskjønne omgivnadar på Straume i Øygarden kommune, om lag 15 min køyring fra Bergen sentrum. Klinikken har sektoransvar for Askøy og Øygarden med om lag 51 000 innbyggarar over 18 år. Kommunane er i rask vekst og vi har god kontakt med primærhelsetenesta og fleire samhandlingsprosjekt som er under arbeid.

Øyane DPS består av

  • Allmennpsykiatrisk poliklinikk med eige akutteam og MBT team
  • Allmenn døgnseksjon med 8 senger
  • Psykose døgnseksjon med 8 senger
  • Psykosepoliklinikken/FACT tilbyr behandling til menneske med psykoseliding eller mistanke om psykose.

Nøkkelinformasjon Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Arbeidsoppgaver

Ved psykose døgnbehandling på Øyane DPS har vi ledig 100% fast stilling som psykolog. Oppfordrar også psykologspesialistar til å søke.

  • Utgreiing, fastsetting av diagnose og behandling av tilviste pasientar
  • Langtidsbehandling av pasientar
  • Spesialistfagleg ansvar
  • Oppgåver tilknytta tvang
  • Undervising og rettleiing av utdanningskandidatar
  • Arbeid i tverrfagleg team

Krav

Er du ein psykolog (psykologspesialist) som er opptatt av å gi god kvalitet i pasientarbeidet, har engasjement for pasientar med psykiske lidingar og liker å jobbe saman med kollegaer til å skape eit trygt og utviklande arbeidsmiljø? Då håper vi du vil søke på denne stillinga.

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i klinisk psykologi, evt erfarne psykologar er også aktuelle
  • Norsk autorisasjon
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Ønskeleg med erfaring frå psykose
  • Ønskeleg med erfaring med oppfølging knytt til tvunget psykisk helsevern

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og løysingsorientert
  • Du er tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig
  • Du liker å jobbe tverrfagleg internt på egen seksjon og med samarbeidspartnarar
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Personleg egnaheit vektleggast

Vi tilbyr

  • Ein spennande stilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
  • Muligheten til å forme stillingen og arbeidsoppgåver
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Søknad

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Annet

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon · Benedicte Skagen Tiset, Seksjonsleiar, 56326669 · Arbeidsstad Blombakkane 75 5354 Straume

Referansenr.: 5195915929 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 29.10.2026

Kontaktpersoner

Oppgitt av arbeidsgiver i annonsen — for spørsmål og søknaden din.

  • Benedicte Skagen TisetSeksjonsleiar56326669