Tannlegeassistent 60% vikariat med mulighet for fast ansettelse

Voss Tannhelsesenter ASVestland, Vossnavfeedpublisert 19.10.2026

Om selskapet

Me søkjer ein tannlegeassistent til Voss Tannhelsesenter.

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver

  • Assistera kjeveortoped, tannlege og tannpleiar
  • Arbeida sjølvstendig og i team
  • Diverse assistentoppgåver
  • Reingjering og klargjering av behandlingsrom
  • Reinhald
  • Sterilisering av utstyr
  • Resepsjonsoppgåver
  • Journalarbeid og timebok

Krav

Me søkjer ein positiv og blid tannlegeassistent. Autorisasjon som tannhelsesekretær er ønskjeleg, men ikkje eit krav då opplæring vil bli gitt. Du må vera service-innstilt, engasjert og ha omsorg for medmenneske, og dessutan vera glad i å arbeida med både barn, ungdom og vaksne. Har du stå-på-vilje og likar å jobba når det er hektisk rundt deg, samtidig som du er nøye og effektiv, så ønskjer me å høyra frå deg.

*Kvalifikasjonar*

  • Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær er ønskjeleg, men er ikkje ein føresetnad.
  • Grundig opplæring vil bli gitt.

*Personlege eigenskapar*

  • Pliktoppfyllande og dedikert
  • Du må kunna arbeida sjølvstendig og i team
  • Positiv og profesjonell haldning
  • Du må vera service-innstilt og ha pasienten i fokus
  • Ryddig og strukturert
  • Du må kunna handtera ein til tider travel arbeidskvardag
  • Gode kommunikasjonsevner i munnleg og skriftleg norsk
  • God munnleg kunskap i engelsk

Vi tilbyr

*Me tilbyr*

  • Grundig opplæring vil bli gitt
  • Eit godt fagleg miljø
  • Kurs
  • Eit svært godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale

Søknad

Kortfatta søknad med CV kan sendast til post@vossatann.no

Kopi av attestar, vitnemål og referansar blir tekne med i samband med intervju.

Tiltreding snarast.

Søknadar vil verta fortløpande vurdert. Berre relevante søkjarar vil bli kontakta.

Søknadsfrist: 22.11.26

Annet

*Stillingsprosent* Stillinga er eit 60% vikariat med moglegheit for forlenging. Søkjarar som er fleksible og kan jobba ekstra vakter ved behov vil prioriterast.

Arbeidstida er tysdag, onsdag og fredag, kl. 08:00 -16:00

Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga jfr. Tannhelsetjenesteloven §3, samt Helsepersonelloven §20a.

Kontaktpersoner

Oppgitt av arbeidsgiver i annonsen — for spørsmål og søknaden din.