Tilkallingsvikar i barnehage
Om selskapet
Dei kommunale barnehagane i Ålesund treng fleire vikarar og vi søkjer derfor etter assistentar og fagarbeidarar. Vikarane i denne utlysninga vil bli knytt til bemanningstenesta i Ålesund Indre og nordre.Barnehagane i denne verksemda er Valle, Prestemarka, Skodje, Stette, Årøyhaugen og HarøyDu som vikar kan velje å arbeide mot ein eller fleire barnehagar etter avtale. Kandidatar vil bli vurdert fortløpande. Eiga utlysing gjeld for Harøy barnehage Arbeidsoppgåver
Om arbeidsgiveren Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet». Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Arbeidsoppgaver
- Bidra til at det enkelte barn får medverke, oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
- Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barn
- Delta i daglege rutinar og følgje opp barna på ein positiv måte
- Samarbeide med det øvrige personalet i barnehagen
- Bidra i gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på avdelinga/basen, innanfor dei rammene ein har blitt einige om
- Følgje opp den rettleiinga ein har fått
- Ansvar for å sette seg inn i og følgje barnehagen sine HMS-prosedyrar
Krav
Kvalifikasjonar
- Den som vert tilsett vil måtte legge fram tilfredstillande politi – og tuberkulinattest
- Søkar må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Søkarar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må avleggje ei norskprøve og ha oppnådd nivå A2 på delprøva i skriftleg framstilling og nivå B1 på delprøvene i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon.
- Nivå A2 og B1 skal tilsvare nivå i Det felles europeiske rammeverket for språk jf. barnehagelova §18 a.
- Relevant utdanning og/eller erfaring er ønskeleg, men ikkje eit krav
Vi søker deg som
- Har eit ønske om å arbeide med barn.
- Har god omsorgsevne og evne til å sjå og lytte til barna sine behov
- Har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner.
- Trives i ein aktiv kvardag
- Er glad i å vere ute
- Er positiv, fleksibel og løysingsorientert
- Personlige egenskaper vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
Vi tilbyr
- Givende arbeid i gode fag- og arbeidsmiljø.
- Mulighet til å prøve å arbeide i ulike barnehager.
- Tilgang til kurs og kompetansehevende tiltak.
- Lønn etter tariff.
Søknad
Kontaktinformasjon Janne Aamelfot, Verksemdsleiar, +47 958 75 569 Arbeidsstad Vallemyrane 3 6260 Skodje Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Ålesund kommune Referansenr.: 5197507870 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 28.03.2027
Annet
Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter. Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund. Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der. Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra. Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.