HR-konsulent
Arbeidsoppgaver
Om stillinga Ein av kollegaene våre skal ut i foreldrepermisjon, og vi søker derfor ein HR-konsulent i 100% vikariat. Vi ser etter deg som trivst med å rettleie og støtte leiarar og tilsette, og som ønsker å utvikle deg innan HR.
Som HR-konsulent vil du samarbeide med ulike delar av organisasjonen. Rettleiing og service til leiarar og tilsette er ein sentral del av stillinga. Du vil bidra til at dei får god støtte i HR-relaterte spørsmål, og til eit godt samarbeid på tvers av fagområde.
Arbeidsoppgåver
- Rådgjeving og rettleiing til leiar og tilsett i personal/HR og lønsspørsmål
- Koordinering av rekrutteringsprosessar i rekrutteringsportalen
- Koordinering av tilsetjingar og arbeidsavtalar
- Administrator i HR systemet Visma Enterprise Plus
- Gje støtte og rettleiing til leiar i oppfølging av sjukemeldte
- Oppgåver knytt til variabel løn og lønskøyring
- Andre førefallande oppgåver på HR og organisasjonsutvikling
Krav
Stillinga passar for deg som liker å jobbe med menneske, kommuniserer tydeleg og er oppteken av å finne gode løysingar. Hos oss får du høve til å bruke kompetansen din og utvikle deg vidare gjennom varierte oppgåver og samarbeid med andre.
Kvalifikasjonskrav
- Det er ønskeleg med 3-årig relevant høgskuleutdanning
- Relevant arbeidserfaring er ein fordel, men stillinga passer også for deg som er nyutdanna
- God forståing og interesse for system og digitalisering av prosesser
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Du ønsker ei stilling der du kan utvikle deg og lære noko nytt.
- Du har god gjennomføringsevne og trivst med å jobbe strukturert med fleire oppgåver samtidig.
- Du verdset eit arbeidsmiljø der kollegaer deler kunnskap og erfaringar.
- Du er serviceinnstilt og trivst med å rettleie og hjelpe andre.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Gode moglegheitar for støtte til utdanning
- Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
Kontaktpersoner
Oppgitt av arbeidsgiver i annonsen — for spørsmål og søknaden din.
- Randi Solveig PedersenHR-leiar+4790771461randi.solveig.pedersen@vaksdal.kommune.no