Seksjonssjef for forskingsseksjonen ved Det medisinske fakultet.

Universitetet i BergenBergennavfeedpublisert 08.10.2026

Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Vil du bidra til å utvikle forsking og forskarutdanning ved Det medisinske fakultet? Det medisinske fakultet søker ein engasjert og strategisk orientert seksjonssjef for forskingsseksjonen. I stillinga skal du bidra til å vidareutvikle forskingsverksemda ved fakultetet og styrke arbeidet med nasjonal og internasjonal forskingsfinansiering.  Som seksjonssjef leiar du eit kompetent fagmiljø som arbeider med forskingsstøtte, ekstern finansiering, forskarutdanning og strategiske forskingssatsingar. Du vil ha ei sentral rolle i å sikre gode tenester til institutta og at fakultetet når ambisjonane sine innan forsking, innovasjon og forskarutdanning. Arbeidsoppgåver: Leie og utvikle forskingsseksjonen fagleg, strategisk og administrativt Ha personalansvar for seksjonen. Bidra til utvikling og gjennomføring av fakultetets og UiBs forskingsstrategiar. Leggje til rette for ekstern finansiering frå nasjonale og internasjonale kjelder gjennom søknadsaktivitet Sørgje for gode og framtidsretta tenester innan forskingsstøtte og forskarutdanning. Vere ein strategisk rådgivar for fakultetsleiinga i forskingsrelaterte saker. Delta i administrative utviklingsprosjekt og prosessar. Representere fakultet i relevante nettverk og samarbeidsfora. Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.  Kvalifikasjonar og eigenskapar: Søkjar må ha høgare utdanning på masternivå. Doktorgrad er ein fordel. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning God forståing for forsking, forskingspolitikk og universitets- og høgskulesektoren Erfaring med leiing av kunnskapsorganisasjonar eller komplekse fagmiljø Erfaring med strategisk arbeid og organisasjonsutvikling God kjennskap til forskingsfinansiering og verkemiddelapparatet God kompetanse innanfor digitale arbeidsverktøy God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk Vi søkjer ein person som

er ein lyttande og inkluderande leiar. har gode samarbeids- og relasjonsbyggjande ferdigheiter. har god evne til å tenkje strategisk og sjå heilskaplege løysingar er utviklingsorientert og evnar å drive endringsprosessar. har stor gjennomføringsevne og kan handtere komplekse problemstillingar Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. Vi tilbyr: Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø Spennende arbeidsoppgaver i skjæringspunktet mellom strategi, forskning og ledelse Løn som seksjonssjef (kode 1211) er 990 000 - 1090 000. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast. Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fakultetsdirektør Synnøve Myhre, tlf. 93 48 46 14, epost: synnove.myhre@uib.no . For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-seniorrådgjevar Therese Myhre Odfjell, tlf. 55 58 52 88, epost:  therese.odfjell@uib.no Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere. Vi oppmodar menn om å søkje på stillinga.  Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her .

Kontaktpersoner

Oppgitt av arbeidsgiver i annonsen — for spørsmål og søknaden din.