Me har ledig stilling som nærings- og samfunnsutviklar!

ULVIK HERAD SENTRALADMINISTRASJONVestlandEURESpublisert 28.10.2026

Om selskapet

Vil du vera med å forma framtida til Ulvik?

Bli med og skap framtida i Ulvik Hos oss får du høve til å arbeida med både næringsutvikling, reiseliv og samfunnsutvikling i ein kommune med store moglegheiter, sterke tradisjonar og ambisjonar for framtida.

Om arbeidsgiveren Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik. Spektakulær natur frå fjord til fjell inviterer til friluftsliv heile året. Me er ein Cittaslow- kommune og venskapsby med Greve i Toscana. Heradet tilbyr eit spennande og hyggeleg fagmiljø med gode uviklingsmoglegheiter, og kan hjelpe til med bustad og barnehageplass om du treng det. Ny barnehage opnar hausten 2027. Me er ein av kommunane der du kan få sletta litt av studielånet ditt. Ulvik herad har om lag 1100 innbyggarar og har 180 tilsette. Administrasjonsmålet er nynorsk. vikallar.no

Arbeidsoppgaver

  • Me har ledig stilling som nærings- og samfunnsutviklar!

Ulvik herad søkjer ein engasjert og utviklingsorientert medarbeidar som vil få ei sentral rolle i arbeidet med å styrkja lokalsamfunnet, næringslivet og reiselivet i kommunen. Me ser etter deg som brenn for samfunnsutvikling, trivst med samarbeid og ønskjer å gjera idear om til konkrete resultat.

Som nærings- og samfunnsutviklar vil du arbeida i skjæringspunktet mellom offentleg forvaltning, næringsliv og innbyggjarar. Du får ansvar for å initiera, koordinera og fylgja opp utviklingsprosjekt som bidreg til berekraftig vekst og attraktive lokalsamfunn.

Arbeidsoppgåver

  • Vera kommunen sitt kontaktpunkt for næringsliv og etablerarar
  • Leggja til rette for næringsutvikling og entreprenørskap. Reiselivet er ei godt etablert næring i Ulvik, og vil vera eit viktig arbeidsfelt.
  • Utvikla og fylgja opp strategiar, planar og prosjekt innan næringsutvikling, reiseliv og samfunnsutvikling
  • Samarbeida tett med lokalt næringsliv, destinasjonsselskap, regionale aktørar og offentlege myndigheiter
  • Søkja om og forvalta tilskotsordningar og prosjektmidlar
  • Utarbeida planar for næring- og samfunnsutvikling
  • Initiera og bidra til tverrsektorielt samarbeid i heradet for å fremja utvikling
  • Koordinera tiltak som styrkjer attraktive bumiljø, sentrumsutvikling og tilflytting
  • Fylgja opp politiske vedtak og utarbeida saksframlegg til politisk handsaming
  • Representera kommunen i regionale nettverk og samarbeidsforum
  • Bidra til profilering og omdømebygging av Ulvik som bu-, besøks- og etableringsstad
  • Overordna ansvar for Cittaslow og turistkontoret

Krav

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning innan nokre av desse fagområda: Samfunnsutvikling, næringsutvikling, økonomi og leiing, reiseliv eller tilsvarande
  • Erfaring frå prosjektleiing, utviklingsarbeid eller offentleg forvaltning
  • Erfaring med søknader om tilskotsmidlar og prosjektfinansiering
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Har god forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og næringsliv
  • Førarkort, klasse B

Me ser etter deg som

  • Er initiativrik og har gjennomføringsevne
  • Er god til å byggja relasjonar og skapa samarbeid
  • Arbeider sjølvstendig og strukturert
  • Er utviklingsorientert og ser moglegheiter

Personlege eigenskapar vil verta vektlagde.

Vi tilbyr

Me tilbyr

  • Ei spennande og variert stilling med stor påverknad på utviklinga av kommunen
  • Moglegheit til å arbeida med viktige samfunnsoppgåver og framtidsretta prosjekt
  • Dyktige og engasjerte kollegaer
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar

Søknad

Link til søknadsskjema: Søk her