Tomrefjord barnehage

TOMREFJORD BARNEHAGEMøre og RomsdalEURESpublisert 20.10.2026

Om selskapet

Om arbeidsgiveren Tomrefjord barnehage ligg på ein flott plass i Liaråket i Tomrefjord. Barnehagen har 48 plassar fordelt på 2 avdelingar. Barnehagen har flott naturtomt med eigen skog og gapahuk i barnehageområdet. Barnehagen nyttar idrettshallen fast. Vi har eit godt fagleg miljø, vi har barnehagelærar i alle stillingar som krev det og fagarbeidarar i dei fleste andre stillingane. Vi har eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver- arbeid på avdelingane med delansvar for det pedagogiske arbeidet - utviklingsarbeid i nært samarbeid med pedagogisk leiar- legge til rette for det pedagogiske tilbodet i avdelinga- foreldresamarbeid- har ansvar for at mål og visjonar for drifta av barnehagen vert fylgd- har ansvar for at barnehagen fylgjer gjeldande avtalar, lovverk og vedtekter

Krav

Kvalifikasjonar- bachelor barnehagelærar- anna pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk kan vurderast- gode datakunnskapar- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2- ha gode kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar- er aktiv, engasjert og opptatt av faget- har evne til å motivere, engasjere og rettleie øvrig personal- ha godt humør, evne og vilje til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling- er løysingsfokusert og fleksibel- har evne til å sjå og anerkjenne barn- er eit godt språkleg førebilde- bidreg til god dialog med barn, foreldre og andre tilsette og er ein positiv rollemodell- har gode samarbeidsevner og vil bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø- kan jobbe i team, men og sjølvstendig- det vert vektlagt at ein er personleg eigna

Vi tilbyr

Vi tilbyr- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer- ein barnehagesektor med fokus på utvikling- løn etter gjeldande avtaleverk- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale

Søknad

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

*Referansar Oppgi referansar Søknad** Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Annet

Stillingstype Det er ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar ved Tomrefjord barnehage.

Tilsettingsvilkår Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Søkjarlista kan bli offentleggjort Link til søknadsskjema: Søk her