Samfunnsplanleggjar

Sveio kommuneSveionavfeedpublisert 10.11.2026

Om stillinga

Samfunnsplanleggjar hos oss har hovudansvar for overordna planar, til dømes kommunedelplanar, klimaplan og kommuneplan.

I tillegg får ein moglegheit til å delta i ulike tverrfaglige arbeidsgrupper, og dessutan prosjektarbeid. Dette gjer at ein er tett på samfunnsutviklinga, både lokalt og regionalt.

Du vil inngå i ein eining for samfunnsutvikling - teamet vårt jobba tett saman med ynskje og mål om å gjera Sveio til ein god stad å leva. I samfunnsutvikling arbeidar me med overodna plan, næring, folkehelse, kulturminnevern, samt idrett og friluftsliv.

Arbeidsoppgåver

  • overordna planarbeid med tilhøyrande sakshandsaming
  • lede og og delta i prosjekt innan fagområde samfunnsutvikling
  • lede og delta i tverrfaglige arbeidsgrupper
  • deltaking i andre arbeidsoppgåver som ligg til eininga

Kvalifikasjonar

  • utdanning frå universitet/høgskule
  • relevant praksis innanfor fagområdet er ein fordel, men ikkje eit krav
  • evne til å driva fram utvikling i samsvar med kommunen sin strategi og planar
  • gode datakunnskapar
  • kjennskap til digitale kartløysningar og relevant programvare er ein fordel
  • førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • kunna arbeida sjølvstendig og strukturert
  • initativrik og løysningsorientert
  • god på samarbeid
  • serviceorientert
  • god på kommunikasjon, både skriftleg og munnleg
  • stor arbeidskapasitet
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
  • eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle
  • løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktpersoner

Oppgitt av arbeidsgiver i annonsen — for spørsmål og søknaden din.