Tilkallingsvikar Sunde barnehage
Om selskapet
I Sunde barnehage satsar vi på Uteliv og Leselyst. Vi ønskjer at barna skal få rike naturopplevingar, utforske nærmiljøet og oppleve gleda ved å vere ute. Samtidig legg vi vekt på høgtlesing, språk og litteratur som gir barna gode opplevingar og styrkjer leseglede og nysgjerrigheit.
Om arbeidsgiveren Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)
Arbeidsoppgaver
Omtale av stillinga Her i Sunde barnehage har vi behov for fleire tilkallingsvikarar ved sjukdom, ferie og anna fråvær.
Krav
Kven ser vi etter? Vi ser etter deg som ønskjer å arbeide saman med barn og bidra til gode dagar i barnehagen. Kanskje er du arbeidssøkande, student, tek eit friår før vidare studiar, er heimeverande eller har ei deltidsstilling og ønskjer meir arbeid i kvardagen.
Vi ønskjer spesielt deg som er god på relasjonar, som møter både barn og vaksne med varme, respekt og interesse. Du er glad i å vere ute og trivst med ein aktiv kvardag i all slags vêr.
Vi ønskjer at du
- Er glad i barn og oppteken av å skape gode relasjonar
- Er positiv, omsorgsfull og ansvarsbevisst
- Er glad i å vere ute og delta aktivt i leik og aktivitetar
- Er fleksibel og kan stille på kort varsel når det er behov
- Bidreg til eit trygt, inkluderande og godt barnehagemiljø
Gyldig politiattest må framleggjast før oppstart.
Vi tilbyr
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og støttande kollegaer
- Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Moglegheit til å få erfaring frå arbeid med barn
- Verdifull erfaring for deg som vurderer utdanning eller arbeid innan oppvekst, pedagogikk eller helse
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
Søknad
Høyrest dette interessant ut? Då håpar vi å høyre frå deg! ????
Link til søknadsskjema: Søk her
Annet
Arbeidsmengda vil variere gjennom året. I periodar kan det vere behov for mykje hjelp, medan det i andre periodar vil vere mindre arbeid.