Biblioteksjef
Om selskapet
Sula bibliotek er ein viktig del av lokalsamfunnet og tilbyr eit breitt tilbod innan litteratur, kultur og informasjon. Biblioteket har ei sentral rolle i arbeidet med leseglede, livslang læring og inkludering. Vi søker no ein biblioteksjef som kan leie biblioteket vidare.
Som biblioteksjef hos oss er du del av eit fellesskap med resten av fylket sine biblioteksjefar.
Om arbeidsgiveren Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9800 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Arbeidsoppgaver
Vi søker ein engasjert og framtidsretta leiar som vil vidareutvikle biblioteket som ein levande møteplass for innbyggjarane i Sula.
Biblioteket har eit aktivt formidlingsprogram for både barn og vaksne, og samarbeider også tett med skular, barnehagar og andre om tilbod som Tøyveskebibliotek, lesestunder, foredrag, forfattarbesøk med meir.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for den faglege leiinga, drift og utvikling av bibliotektenesta
- Budsjett- og økonomiansvar for biblioteket
- Styrke og marknadsføre biblioteket som kulturarena, debattarena og møteplass
Krav
Kvalifikasjonar
- Minimum bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap
- Erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver er ønskeleg
- Vi ser etter ein person som kan arbeide tverrfagleg, på tvers av kommunens mange fagområder
Personlege eigenskapar Vi ønskjer oss ein engasjert, motiverande og samarbeidsorientert biblioteksjef med gode kommunikasjons- og samhandlingsevner.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
Vi tilbyr
- Ei spanande og samfunnsviktig stilling
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gratis parkering
- Løn etter avtale
Søknad
Kontaktinformasjon Sunniva Marøy Eriksen, Assisterende kommunedirektør, 95256848, sunniva.maroy.eriksen@sula.kommune.no Arbeidsstad Fyllingvegen 11 6030 Langevåg Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sula kommune Referansenr.: 5188055894 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.11.2026
Annet
Administrativt ligg biblioteket i eininga Fellesstab. Biblioteksjef rapportere til assisterande kommunedirektør.
Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.