Vikar til Helsetorget, 100 % vikariat

Sogndal kommune TildelingskontoretSogndalnavfeedpublisert 13.10.2026

Har du helse- og sosialfagleg bakgrunn og lyst til å vera tett på innbyggarane våre? På Helsetorget får du vera med på laget som er det første møtepunktet for innbyggarar med behov for helse- og omsorgstenester i kommunen.

Om stillinga

Me søkjer deg som vil vera med på laget på Helsetorget, i eit 100 % vikariat organisert under Tildelingskontoret. Stillinga er ledig frå snarast og fram til 31.9.27.

Arbeidsoppgåver

  • Ta imot innbyggarar og svara på telefonar og e-posthenvendingar frå dei som treng hjelp eller informasjon
  • Gjennomføre kartlegging av hjelpebehov
  • Informere om søknadsprosess og tenestetilbod i kommunen
  • Bistå innbyggarar i søknadsprosessar, registrere søknader og opprette saker i fagsystem
  • Dele ansvar for støttekontaktordninga ved fråvær og ferieavvikling, mellom anna ta imot og føre timelister
  • Jobbe med velferdsteknologi og digital oppfølging av innbyggarar
  • Bidra i sakshandsaming ved behov og delta på sakshandsamingsmøte

Erfaring og kompetanse

  • Bachelor i helse- og sosialfag
  • Relevant arbeidserfaring frå fagfeltet
  • Erfaring med koordinering, planlegging eller oppfølging av arbeidsoppgåver
  • God digital kompetanse og erfaring med relevante fagsystem

Dette er ein fordel om du har

  • Erfaring med kartlegging og sakshandsaming, gjerne innan helse- og omsorgstenester
  • Kjennskap til kommunal sakshandsaming og relevant lovverk, til dømes helse- og omsorgstenestelova, pasient- og brukarrettigheitslova og forvaltningslova
  • Erfaring frå tildelingskontor, forvaltningseining eller liknande

Kven ser me etter?

Me ser etter en positiv, målretta og strukturert person som trivst med å arbeide sjølvstendig og som handterer både uforutsigbare situsjonar og komplekse problemstillingar. Du er fleksibel og open for nye måtar å jobbe på, og møter endringar med nysgjerrigheit og engasjement.

Du har god relasjonskompetanse, kommuniserer godt med kollegaer, andre tenester, brukarar og pårørande. Du evnar å sjå heilskapen, bidrar til tverrfagleg samarbeid og byggje gode relasjonar. Samstundes er du tolmodig, audmjuk og reflektert, og du tør å tenkje nytt når arbeidskvardagen krev det. Du har også god digital kompetanse og evne til å nytte digitale løysingar på en effektiv og brukarvenleg måte.

Me tilbyr

  • Ei stilling der du er med og formar innhaldet i ei teneste under utvikling
  • Ein arbeidsplass midt i arbeidet med korleis Sogndal kommune møter innbyggarane sine

Me vil behandla søknadane og gjennomføra intervju fortløpande, så me tilrår deg å søkja så snart som mogleg. Me gler oss til å høyra frå deg!

Praktisk informasjon

Stillingstype: 100 % vikariat Arbeidsstad: Helsetorget, under Tildelingskontoret Tilsetjingsperiode: snarast og fram til 31.9.27

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktpersoner

Oppgitt av arbeidsgiver i annonsen — for spørsmål og søknaden din.