Rettleiar i sosiale tenester

NavBømlonavfeedpublisert 28.10.2026

Om selskapet

Me søkjer ein lagspelar med hjarta for sosialt arbeid

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Arbeidsoppgaver

Som rettleiar i sosiale tenester ved Nav Bømlo får du arbeide med sakshandsaming, økonomisk rådgjeving og tett oppfølging av menneske i ulike livssituasjonar. Du blir ein del av eit tverrfagleg team på 35 medarbeidarar som samarbeider om gode og heilskaplege løysingar for den enkelte og familien. Saman har me i Nav Bømlo ansvar for arbeidsretta oppfølging, sosiale tenester og busetting av nykomne flyktningar.

Arbeidsoppgåver I stillinga vil du følgje opp menneske som har behov for økonomisk og sosialfagleg bistand. Du vil arbeide med samtalar, kartlegging, sakshandsaming og rettleiing, og bidra til å finne gode løysingar saman med den enkelte. Arbeidet krev at du kan gjere sjølvstendige faglege vurderingar, samarbeide godt med andre og sjå den enkelte og familien i ein heilskapleg samanheng.

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere

  • Kartleggje, rettleie og følgje opp menneske med samansette behov.
  • Handsame søknader og gjere vedtak etter sosialtenestelova.
  • Gi økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving.
  • Vurdere og setje i verk tiltak som kan bidra til arbeid og aktivitet.
  • Samarbeide med andre tenester for å sikre god og samordna oppfølging.
  • Leggje vekt på barnet sitt beste i saker som gjeld familiar.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må påreknast.

Krav

Kvalifikasjonskrav

  • Bachelorgrad, fortrinnsvis innan sosialfag, for eksempel sosialt arbeid eller barnevern. Anna relevant bachelorgrad kan og bli vurdert.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Det er ønskjeleg at du har

  • Erfaring med økonomisk rådgjeving eller gjeldsrådgjeving.
  • Relevant vidareutdanning.
  • Erfaring frå sakshandsaming og offentleg forvaltning.
  • Erfaring frå rettleiings- og oppfølgingsarbeid.
  • Kjennskap til sosialtenestelova og forvaltningslova.

Me ser etter deg som

  • Møter menneske på ein respektfull og tydeleg måte.
  • Skaper tillit og gode relasjonar.
  • Arbeider strukturert og prioriterer godt når du har fleire saker samtidig.
  • Står stødig i krevjande samtalar og situasjonar.
  • Samarbeider godt med kollegaer og andre tenester.
  • Er løysingsorientert og tilpassar deg endringar i arbeidskvardagen.

Ved vurdering av søkjarar legg me vekt på utdanning, erfaring, personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga.

Vi tilbyr

  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ein framoverlent kommune.
  • Eit levande fagmiljø med gode høve for fagleg og personleg utvikling saman med dyktige og trivelege kollegaer.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Bedriftshelseteneste.
  • Medlemskap med tilsettegoder i den kommunale velferdsklubben.

Søknad

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine,sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Synne Halleraker.

Synne Halleraker, Avdelingsleiar, 91807383, synne.halleraker@nav.no Elisabeth Haugen, Leiar, 91125279, elisabeth.haugen@nav.no

Annet

Me har ledig eit 100 % vikariat fram til 31. august 2028. Oppstart etter avtale.

Anna informasjon

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkjarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Arbeidsstad Kulturhusvegen 19 5430 Bremnes

Referansenr.: 5156326556 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.08.2028 Søknadsfrist: 19.11.2026

Kontaktpersoner

Oppgitt av arbeidsgiver i annonsen — for spørsmål og søknaden din.