Sjukepleiarstilling ved Såta bu- og servicesenter - 100%

NAV ALVER KOMMUNEVestlandEURESpublisert 20.10.2026

Om selskapet

Hos oss jobbar det også helsefagarbeidarar og pleieassistentar.

I september 2026 utvida Såta bu- og servicesenter med 13 somatiske plassar, i tillegg til dei 12 plassane for personar med demenssjukdom som vi allerede har. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik.

Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng.

Om arbeidsgiveren Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.

I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken organisert i sjukeheimstenesta.

Sjukeheimstenesta har også tilsett eigne sjukeheimslegar.

Arbeidsoppgaver

Pasientane på Såta bu- og servicesenter har ulike behov for oppfølgning.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for heilskapleg sjukepleie til pasientar
  • Observasjon, vurdering og oppfølging av helsetilstanden til pasientane
  • Utføring og oppfølging av til dømes:
  • legemiddelhandsaming
  • ADL
  • sårstell
  • ernæring og væskebehandling
  • lindrande behandling
  • blodprøvetaking
  • Iverksetjing og evaluering av sjukepleietiltak
  • Veileding av kollegaer og studentar
  • Samarbeid med pårøyrande
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Vere ein aktiv pådrivar for at pasientane får brukt sine eigne ressursar

Krav

Kompetansekrav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test

Kven er du? Me søkjer sjukepleiarar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å læra noko nytt kvar dag og trivst med å arbeida med pasientar med ulike helseutfordringar. Du får lett oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilde og prioritera i ein travel kvardag. Me ser etter ein sjukepleiar som i tillegg til å vera tydeleg, klarer å sjå kvar enkelt pasient, pårørande og kollega. Du er positiv, ein bidragsytar i arbeidsmiljøet, fleksibel og jobbar godt i team. Du har gode tekniske ferdigheter, er løysingsfokusert og endringsvillig.

Vi tilbyr

Vi tilbyr

  • Fagleg spennande arbeid i nyoppstarta avdeling
  • Årsturnus
  • Sjukepleiare i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS

Annet

Sjukepleiar 100% - Såta bu- og servicesenter Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spennande moglegheiter i ei avdeling som nettopp har utvida med 13 plassar? Då søkar vi etter deg! Vi har ledig 100% sjukepleiarstilling i vår avdeling. Det er todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3 helg eller med moglegheit for kvar 4 helg med langvakter om ønskjeleg som en prøve. Vi har årsturnus.

Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.