Helsefagarbeidarar

MASFJORDEN KOMMUNE HEIMEBASERTE TENESTERVestlandEURESpublisert 19.10.2026

Om selskapet

Om arbeidsgiveren Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og kommunane Modalen og Alver i sør. Administrasjonen i Masfjorden kommune er lokalisert i kommunehuset på Sandnes.

Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.

Krav

Me ser etter deg som

  • Er helsefagarbeidarar med autorisasjon
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Er fleksibel og samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
  • Er motivert til å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med på å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Har godt humør er raus og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Kan delta i alle arbeidsoppgåver
  • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norskprøve B1 helsefag/B2 sjukepleie
  • Har førarkort klasse B

Søkjarar utan fagutdanning kan verte vurderte dersom dei er villige til å ta helsefagarbeidarutdanning

Vi tilbyr

Me tilbyr

  • Ein interessant og utfordrande jobb saman med
  • Dyktige kollegaer
  • Ein arbeidsplass som gjev deg høve til utvikling
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket + 50 kroner ekstra pr. time i helgetillegg
  • Frå 2026 vil dei som bur i Masfjorden og oppfyller vilkåra få sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år til ein har betalt ned heile gjelda. Les meir om den nye ordninga her

Annet

Om stillingane Masfjorden kommune søkjer etter to helsefagarbeidarar i 100% faste stillingar frå 01.01.2027, med arbeidsstad for tida i heimetenesta. Heimetenesta har hovudbase på Hosteland, men har også avdelingar på Masfjordnes og i Indrefjorden.

For stillingane gjeld

  • Turnus med dag og kveldsarbeid og kvar tredje helg
  • Krav om politiattest