JOBBKONSULENT i 80%-100% stilling
Om selskapet
Kvito har mykje spanande på gang -- og no treng vi ein ny medarbeidar som brenn for arbeidsinkludering og ungdom. Vi ser etter deg som trivst i møte med menneske, som ser moglegheiter der andre ser hinder, og som ønskjer ein jobb der du verkeleg kan gjere ein forskjell.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver I denne rolla vil du vere ein viktig støttespelar for ungdom og vaksne som treng hjelp til å finne sin veg inn i arbeidslivet. Du vil mellom anna:
- kartleggje ressursar, interesser og moglegheiter
- gjennomføre karriererettleiing
- bidra til utvikling av arbeidsevne og meistring
- samarbeide tett med NAV, næringslivet og andre samarbeidspartnarar
- skreddarsy oppfølging og tiltak for kvar enkelt deltakar
- vere ein trygg og tydeleg rettleiar for ungdom i sårbare overgangar
Krav
Vi ser etter deg som har
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- helse‑, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning frå høgskule/universitet
- arbeidsinkluderingskompetanse og/eller relevant erfaring
- interesse og kompetanse innan IT og digitale løysingar
- brei erfaring frå arbeid med ungdom
- gode samarbeidsevner og sterk relasjonskompetanse
Personlege eigenskapar, engasjement og evne til å skape tillit vil bli vektlagt.
Du må disponere eigen bil.
Vi ser etter deg som
- er løysingsorientert, fleksibel og sjølvstendig
- trivst med å jobbe både ute i felt og på kontor
- har eit ekte engasjement for menneske og arbeidsinkludering
- likar å jobbe i eit miljø med høgt tempo og mykje ansvar
Vi tilbyr
- grundig opplæring og tett fagleg støtte
- ein meiningsfull og variert arbeidskvardag
- stor moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og innhald i jobben
- eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- gode velferdsordningar
- løn etter avtale
Søknad
Søknadsfrist: 15. nov 2026
*Torbjørn Blichfeldt Dyrland , dagleg leiar** E‑post: torbjorn.dyrland@kvito.no
Telefon: 932 61 670
Send søknad og CV til torbjorn.dyrland@kvito.no
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Annet
KVITO SØKJER JOBBKONSULENT (80--100 %) Arbeidsområde: Vinje og Kviteseid -- med mogleg arbeid i heile Vest‑Telemark
Oppstart: 1 januar 2027 ellers snarast råd og varigheita er fram til nov 2027.
Ved tilsetjing må det leggjast fram politiattest, jf. § 21 i arbeidsmarknadslova.
Vikariatet kan bli gjort om til fast.
Arbeidsstad Vest‑Telemark, med hovudvekt på Vinje og Kviteseid.
Kontaktpersoner
Oppgitt av arbeidsgiver i annonsen — for spørsmål og søknaden din.
- Torbjørn Blichfeldt DyrlandDagleg leiar93261670torbjorn.dyrland@kvito.no