SFO-leiar
Om selskapet
Kleppe skule er ein barneskule sentralt i Klepp kommune med rundt 450 elevar der 162 barn nyttar SFO.
Vi har eit stort, godt uteområde og gode lokaler med blant anna aula og kantine. SFO nyttar nærområdet vårt i stor grad, vi har skog, leikeplassar, Plogenparken, symjehall og andre idrettsanlegg i gåavstand frå skulen.
Vi har eit flott personal med mykje kompetanse og eit godt arbeidsmiljø. Saman arbeider vi for å skape ein skulekvardag der elevane opplever meistring og lærelyst i eit trygt og godt miljø.
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Arbeidsoppgaver
Vil du vere med på å vidareutvikle ein god og veldreven SFO og sikre god samanheng mellom SFO og skule?
- Ansvar for dagleg drift
- Sørge for god struktur og gode planar for aktivitetar og bemanning
- Drive utviklingsarbeid knytta opp mot Nasjonal rammeplan for SFO
- Personalansvar for tilsette i SFO
- Delta aktivt i arbeid med barn i SFO si åpningstid
- Samarbeide med personalet i skuledelen og med aktuelle kommunale instansar
- Bidra i overgangsarbeid frå barnehage til skule og SFO
- Elevoppfølging og kontakt med heimane
- Vere ein del av skulen si leiargruppe
- Delta i vårt kommunale SFO-leiarnettverk
- Bestilling og innkjøp
Krav
Vi er på jakt etter deg som ønsker å få jobbe med leiing i eit spennande og utviklande miljø og er oppteken av å skape eit godt fritidstilbod for alle barn.
Kvalifikasjonar
- Relevant pedagogisk 3-årig høgskuleutdanning
- Erfaring frå arbeid med barn og unge
- Leiarerfaring og leiarutdanning er ønskeleg
- Gode norskkunnskaper
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- I tråd med opplæringslova er tilfredsstillande politiattest ei forutsetning før tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Strukturert og sjølvstendig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Eit inkluderande elevsyn
- Positiv, fleksibel og stå-på-vilje
- Initiativrik og nytenkjande
- Godt humør
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø i lag med dyktige kollegaer
- Lønn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP
- Klepp kommune har gode velferdsordningar og pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing skjer forøvrig på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglar og tariffavtaler.
Annet
Vi har ledig 100% fast SFO-leiarstilling ved Kleppe skule.
Kontaktinformasjon · Sylvia Gjersdal, Rektor, +47 92839767 · Arbeidsstad Viervegen 10 4351 Sandholen
Referansenr.: 5197202674 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.11.2026
Kontaktpersoner
Oppgitt av arbeidsgiver i annonsen — for spørsmål og søknaden din.
- Sylvia GjersdalRektor+47 92839767