Fagarbeider/assistent
Om selskapet
Ledig vikariat stilling som Barne- og ungdomsarbeidar Engelsvoll barnehage er ein 5 – avdelings kommunal barnehage som ligg på Engelsvoll/Klepp stasjon i Klepp kommune. Me er ein Marte Meo sertifisert barnehage som legg stor vekt på det gode møtet mellom borna og omsorgspersonen. Me er opptatt av den gode relasjonen og å skapa eit trygt og godt inkluderande miljø for born, foreldre og ansatte.
Nøkkelinformasjon Arbeidsgivar: Klepp kommune
Arbeidsoppgaver
- Medansvar for den daglege drifta i barnehagen
- Samarbeide med føresette, kollegaer og andre instansar
- Ta aktivt del i planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetar og leik med barna, både ute og inne
- Legge til rette for at barn og foreldre opplever tryggleik, omsorg og trivsel
Krav
Kvalifikasjonar
- Barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev eller annan relevant barnehagefagleg vidareutdanning
- Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande B1. Dette gjeld ikkje søkarar med skandinavisk språk som morsmål (jf. barnehageloven § 18 a) Gjelder ikkje søkere med eit skandinavisk språk som morsmål.
- Dei som får tilbod om stilling må framlegga politiattest, jf barnehageloven § 19. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månader
- Personleg egnethet vil bli vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, og vil vera med på å skapa/oppretthalda eit godt arbeidsmiljø
- Du er engasjert, løysningsorientert, målbevisst og framtidsretta
- Du er god til å arbeida både sjølvstendig og i team
- Du ser på barn og føresette med respekt, viser omsorg, glede og er fleksibel
- Du er raus og villig til å sjå ulike perspektiv
- Du har fokus på nærvær
Vi tilbyr
- Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsordninger.
- Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk
Søknad
Referansenr.: 5201228957 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.11.2026
Annet
Barnehagen ligger så tett på Engelsvoll skule at to avdelingar er i kjellaren til skulen. Dette gjer at me har et tett og godt samarbeid med skulen ifht overgang frå barnehage til skule. Barnehage ligg og nær Frøylandsvatnet med tilgang til flotte turområde. Det er og kort veg til togstasjonen på Klepp stasjon.
I Engelsvoll barnehage er det ledig vikariat i 100% stilling som Barne og ungdomsarbeidar, frå 04.01.2027-14.08.2027 , eller etter avtale.
Ansettelse skjer forøvrig på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysing, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler.
Kontaktinformasjon · Inger Ølberg Lode, Styrar, +47 91563046 · Arbeidsstad Kvednadalen 2 4353 Klepp Stasjon
Kontaktpersoner
Oppgitt av arbeidsgiver i annonsen — for spørsmål og søknaden din.
- Inger Ølberg LodeStyrar+47 91563046