Helsefagarbeidar natt

HELSE FONNA HF VALEN SJUKEHUS DØGNAVDELINGVestlandEURESpublisert 28.10.2026

Om selskapet

Psykoseposten ved Valen sjukehus er ein viktig del av Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna, der vi tilbyr spesialisert behandling i trygge og omsorgsfulle omgjevnader. Med plass til opptil 9 pasientar, legg vi stor vekt på kvalitet og individuell tilpassing av behandlinga.

Om arbeidsgiveren Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her http://www.helse-fonna.no/.

Arbeidsoppgaver

Vil du vere med og gi omsorg og behandling til pasientar med psykoseproblematikk?

Hos oss tek vi imot planlagde innleggingar basert på søknad, og vi jobbar målretta for å støtte pasientane på vegen mot eit betre liv.

Kva går jobben ut på?

  • Natt-teneste på døgnpost.
  • Gi pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient.
  • Vere med i beredskap på natt og bistå andre postar ved behov.

Krav

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
  • Det er ønskjeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Hos oss er det viktig at du

  • er robust, tilpasningsdyktig og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik
  • samarbeider godt, kommuniserer tydeleg og trivst i tverrfaglege team
  • er initiativrik, engasjert og møter pasientar med respekt
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • etterspør rettleiing når det er behov for det
  • er lojal i forhold til avgjerder

Vi tilbyr

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø.
  • Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Vi tilbyr bedriftsavtale med treningssenter og tilgang til trimrom på sjukehuset.
  • Kvinnherad kommune har rimelege barnehageplassar og gratis SFO.

Søknad

Kontaktinformasjon Britt Mari Ludvigsen, Funksjonsleder, +47 53466473 Arbeidsstad Sjukehusvegen 26 5451 VALEN Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5198975193 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.02.2027 Søknadsfrist: 16.11.2026

Annet

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.