Tilkallingsvikar

HELLAND BARNEHAGE· Møre og Romsdal· EURES· publisert 25.06.2026

Stillingstype Vi har behov for fleire dyktige tilkallingsvikarar ved Helland barnehage.

Arbeidsoppgåver Arbeid i barnehage inneheld oppgåver som:

  • medansvar for avdeling og det pedagogiske innhaldet i samarbeid med det øvrige personalet
  • medansvar for planlegging, gjennomføring og tilrettelegging av det pedagogiske innhaldet
  • medansvar for utviklingsarbeid
  • foreldresamarbeid
  • vere ein aktiv del av barnehagen sitt personale
  • vise omsorg og vere til stades for enkeltbarn og barnegruppa
  • praktisk arbeid og tilrettelegging

Kvalifikasjonar Vi søker etter deg som er barnehagelærar eller barne- og undomsarbeidar. Dersom vi ikkje får nok kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte verte tilsett.

  • må beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
  • må ha gode kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • er aktiv og engasjert
  • har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling
  • har evne til å vise omsorg, sjå og anerkjenne barn
  • er eit godt språkleg førebilete
  • er fleksibel
  • er stabil og ansvarsbevisst
  • har evne til å ta imot rettleiing, rådgjeving og opplæring
  • har evne til å samarbeide, arbeide i team, men og sjølvstendig

Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • løn i høve gjeldande avtaleverk
  • tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet.
  • kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
  • gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

Søknad Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Tilsettingsvilkår Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar Oppgi referansar

Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Helland barnehage er sentralt plassert i sentrum av Vestnes kommune med kort avstand til t.d. bibliotek og idrettsanlegg, samtidig som vi har kort avstand til naturen. Barnehagen har i dag 8 avdelingar med 4 småbarn og 4 storbarnsavdelingar. Vi har ein stor styrke i eit godt fagleg miljø i barnehagen med pedagogar og fagarbeidarar.