Bibliotekmedarbeidar

HARAM KOMMUNE FOLKEBIBLIOTEKMøre og RomsdalEURESpublisert 19.10.2026

Haram kommune søker etter bibliotekmedarbeidar i fast 40 % stilling. Haram kommune har eit leselystprosjekt som går fram til sommaren 2028, og det kan bli aktuelt at dette prosjektarbeidet på omlag 18% stilling kan bli tilbode som midlertidig stilling i tillegg til den fast stillinga.

Biblioteka i Haram består av Brattvåg bibliotek, Eidet bibliotek, Lepsøy bibliotek, Haramsøy bibliotek og Longva bibliotek. Arbeidsplass blir i hovudsak for tida på Eidet bibliotek. Biblioteket er eit kombinasjonsbibliotek for elevar- og innbyggarar og ligg samlokalisert med skulen og kulturhallen. Det må påreknast jobb på dagtid, ettermiddag/kveld og for tida omlag ein laurdag i månaden.

Haramsbiblioteka har seks tilsette. Alle tilsette utfører skrankearbeid, hjelper besøkande, følger opp bestillingar, utlån og innlevering. Alle hjelper også til ved planlegging og gjennomføring av arrangement. I tillegg kan andre oppgåver påreknast. Vi er omstillingsdyktige og opptekne av utvikling. Målet vårt er at biblioteka skal vere stader for folkeopplysning og livslang læring. Samtidig bidreg vi til å redusere einsemd og forskjellar i samfunnet ved å vere ein gratis møteplass for alle.

På Haramsbiblioteka møtast folk på tvers av alder, kjønn, utdanning, demografi og etnisitet. I tillegg til rettleiing, tilbyr vi innbyggarane ulike arrangement, som til dømes barnehage- og skulebesøk, forfattarbesøk, seniortreff og babytreff.

Haramsbiblioteka satsar på både det fysiske og det digitale biblioteket. Vikariatet kan difor innehalde arbeid med SoMe-kontoane til Haramsbiblioteka.

Dersom du er glad i både menneske og litteratur, har vi trua på at du er den rette søkaren.

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Velkomen som søkar.

Arbeidsoppgåver

  • Skrankearbeid
  • Jobbe i biblioteksystemet Bibliofil – opplæring vil bli gitt
  • Rydde og sette på plass bøker
  • Samlingsutvikling - istandgjering og kassering
  • Rettleie besøkande, blant anna ved å finne rett bok til rett lesar, også med digital hjelp
  • Bistå i planlegging og gjennomføring av arrangement

Andre arbeidsoppgåver kan førekome.

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med relevant utdanning på bachelornivå og/eller erfaring
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • God kompetanse i bruk av digitale verktøy
  • Erfaring frå kundebehandling
  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn
  • Relevant erfaring frå arbeid ved bibliotek kan vege opp for formelle kvalifikasjonar

Søkar må ha førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Positiv
  • Kreativ
  • Pedagogisk
  • Kommunisere godt med alle typar menneske
  • Hjelpsam og serviceinnstilt
  • Balanse mellom å vere sjølvstendig og ha evne til godt samarbeid
  • Eit blikk for oppgåver som må gjerast

Vi tilbyr

  • Muligheit til å gjere ein forskjell i dei besøkande sine liv
  • Ein variert arbeidskvardag som du kan vere med å forme
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
  • Løn i samsvar med gjeldande tariffavtalar
  • God pensjonsordning

KontaktinformasjonPetter Sortevik, Stabssjef, 95479474, petter.sortevik@haram.kommune.no Eva Ulla Myren, Bibliotekleiar, 98897422, Eva.Ulla.Myren@haram.kommune.no ArbeidsstadVatnevegen 41 6265 Vatne Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5195065474 Stillingsprosent: 40% Fast Søknadsfrist: 01.11.2026

Om arbeidsgiveren:

Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.