Ungdomsassistent i barnehage

GLOPPEN KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJONENVestlandEURESpublisert 24.09.2026

Har du ledig tid etter skulen, ein dag eller to i veka, og har du lyst til å jobbe i barnehage? Dei kommunale barnehagane i Gloppen vil gjerne tilsetje deg som går i 9. klasse og oppover til ein ekstrajobb. Du søkjer på stillinga her og skriv kva barnehage du kan tenkje deg å jobbe i. Så kan du ta kontakt med styrar i aktuell barnehage for å seie at du har søkt. Det vil vere rom for ein til to ungdomar i kvar barnehage. ArbeidsoppgåverDu får vere med å hjelpe barna, og vere i aktivitet saman med dei. Samt å bli med på andre praktiske oppgåver i barnehagen. I arbeid med barn i barnehage må du bruke språket aktivt og sette ord på det du ser og gjer saman med barna. Du må vere aktivt deltakande i leik og aktivitet. I arbeidet er det viktig at du inviterer barn inn i aktivitet. Du må sette grenser og legge til rette for at barn opplever meistring ved å prøve å klare sjølv. Du må elles arbeide etter dei rutiner som gjeld på den aktuelle avdeling.

Kvalifikasjonar

  • Du treng ingen spesielle kvalifikasjonar anna enn at du er motivert for å jobbe i barnehage.
  • Alder 9. klasse og oppover

Personlege eigenskapar

  • Du er punktleg, fleksibel og kan ta ansvar og initiativ
  • Du kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
  • Du kan snakke norsk og likar å vere i aktivitet med barn i alderen 0-6 år

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • God opplæring og oppfølging

Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

KontaktinformasjonElse Lundestad Bakkelid, Barnehagestyrar Mona barnehage, 970 95 123 Anette Støyva, Barnehagestyrar Breim barnehage, 468 73 568 Lisbeth Risøy Kvellestad, Barnehagestyrar, 41876670 Anne Kristin Risøy Eimhjellen, Rektor Hyen skule og barnehage, 924 07 655 Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875 ArbeidsstadGrandavegen 9 6823 SANDANE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5184551380 Stillingsprosent: 0% Engasjement Søknadsfrist: 15.10.2026

Om arbeidsgiveren:

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet. Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper. Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.