Skipsførar i 3:3 turnus

Fjord1 - Maritim DriftAustrheim, Gulennavfeedpublisert 01.10.2026
Maskinoversettelse — originalspråk: tysk.Vis original

Vi søkjer no ein skipsførar til vår elektriske ferje MF Storfjord, som trafikkerer sambandet Leirvåg - Sløvåg. På dette sambandet jobbar ein døgnskift – du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i ein periode på tre veker. Deretter har du tre veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Leirvåg eller Sløvåg då rederiet ikkje har bufasiliteter det døgnet ein har fri. Fjord1 dekker reisekostnader for strekningar over 30 km mellom bustad og arbeidsstad. Dette gjeld ved oppstart og avslutning av arbeidsperioden, altså første og siste arbeidsdag. Som skipsførar vil du ha ei sentral rolle i å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Stillinga inneber stort ansvar og gode moglegheiter til å påverke drifta i det daglege. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med kollegaer både om bord og på land. I Fjord1 får du ein trygg arbeidsplass i eit selskap som tenkjer framover, eit samansveisa og støttande kollegamiljø, og ein fleksibel turnus som gir deg god balanse mellom arbeid og fritid. Kun 1 time å køyre frå Bergen til Leirvåg! Ønskjeleg med snarleg oppstart.  Vi vurderer kandidatar fortløpande.

Arbeidsoppgåver Som skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette omfattar sikkerheitsstyring, energileiing, den tekniske og operative tryggleiken om bord. I tillegg ansvar for både personleg og miljømessig tryggleik. Du skal sikre at alle operasjonar blir gjennomførte i tråd med gjeldande regelverk, prosedyrar og krav frå styresmakter. Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. Som leiar om bord er du ansvarleg for oppfølging av rutinar og kvalitetssystem. I tillegg skal du utføre dei oppgåvene som går fram av stillingsinstruksen og sørgje for at alle avgjerder blir tekne med tryggleik og driftseffektivitet i fokus. Kvalifikasjonar Minimum D3-sertifikat  GMDSS/ROC-sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Ferdighetssertifikat medisinsk behandling Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Skandinaviske språk muntleg og skriftleg                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                             ���

Kontaktpersoner

Oppgitt av arbeidsgiver i annonsen — for spørsmål og søknaden din.