Sjukepleiar 100 % fast stilling i heimetenesta

Alver kommuneAlvernavfeedpublisert 21.09.2026
Denne stillingen er ikke lenger utlyst
Kilden har fjernet annonsen — det er ikke lenger mulig å søke via den opprinnelige lenken.

Om avdelinga Vi er omlag 50 dyktige kollegaar, beståande av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar og assistentar som samarbeider tett for å sikre gode tenester til heimebuande brukarar i alle aldre. Vi er opptatt av: fagleg kvalitet og tryggleik for brukarane god struktur og tydeleg ansvarsfordeling samarbeid og støtte mellom kollegaar aktiv utvikling av tenestene innanfor våre rammer Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø, der vi spelar kvarandre gode.   Om stillinga Alversund/Seim heimeteneste søkjer ein engasjert og fagleg trygg sjukepleiar til 100% fast stilling. Vi gjev vedtaksbaserte tenester i områdene Alversund og Seim. Alversund/Seim Heimetenesta har god fagdekning og er ei av 6 avdelingar i heimetenesta i Alver kommune. Turnusen er todelt, med dag/kveld, og med arbeid kvar 3. helg i gjennomsnitt. Kveldsvaktene kan vere anten i avdelinga eller i sjukepleiarteamet. Sjukepleiarteamet er eit samarbeid med heimetenestene på Knarvik og Frekhaug. Teamet er relativt nyoppstarta og har hovudfokus på sjukepleiarfaglege oppdrag. Det gjev eit sterkt og breitt fagmiljø med gode moglegheiter for kompetansedeling - og utvikling på tvers av avdelingane. Arbeidsoppgåver Du får ansavar for kliniske vurderingar av brukarar, og planlegging og kvalitetssikring av tenestene. Arbeidsdagen består både av direkte brukarretta arbeid og fagleg koordinering med andre yrkesgrupper og andre instansar i og utanfor Alver kommune. Arbeidsoppgåvene omfattar m.a:

Kartlegging av behov, vurdering og evaluering av tiltak Bidra i utvikling og implementering av digitale løysingar, bl.a. velferdsteknologi Tverrfagleg samarbeid med m.a. legar, pårørande og andre tenester Halde deg oppdatert og bidra til fagutvikling og kvalitetsforbetring Rettleiing av kollegaar og studentar Legemiddelhåndtering Rapporterer og dokumentere i tråd med interne rutiner og gjeldande lovverk

Kvalifikasjonskrav

Norsk autorisasjon som sjukepleiar Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy Førarkort klasse B Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Kven er du? Vi ser etter deg som har god arbeidskapasitet og trivst i eit aktivt fagmiljø med varierte oppgåver. Du er framoverlent, fagleg engasjert og trygg irolla di. Arbeiderfaring frå heimeteneste er ein fordel, men ikkje eit krav.   Du: trivst med ansvar og sjølvstendig arbeid er strukturert, fleksibelt og løysingsorientert håndterer perioder med høgt tempo har høg gjennomføringsevne tek ansvar og bidrar til framdrift i avdelinga

Vi tilbyr Kr. 10 000 over garantilønn Gratis parkering Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar Fagleg utvikling Årsturnus God pensjonsordning gjennom KLP Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. Vi er Alver Bli kjent med Alver kommune! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune