Faste helgestillingar

STAD KOMMUNE BU OG MILJØ NORDFJORDEID MYROLDHAUG PHR· Vestland· EURES· publicēts 19.06.2026

Vi søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til fleire faste helgestillingar i 15 - 24 % på avdelingane Elvebøen, Barneavlasting og Myroldhaug psykisk helse og rus.

Hos oss får du høve til å gjere ein forskjell der det verkeleg betyr noko – enten du allereie er fagutdanna eller brenn for å arbeide med menneske.

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføring av faglege oppgåver, omsorg og behandling
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer

Kvalifikasjonar

Vi ser særleg etter deg som:

  • Har helsefagleg utdanning
  • Er elev eller student innan helse-, sjukepleie- eller vernepleiefag
  • Har interesse for faget eller vurderer ei utdanning innan sektoren
  • Gode kommunikasjonsevner, høfleg og interessert
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Du må vere over 18 år

Personlege eigenskapar

  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Moglegheit for stipendordning for sjukepleie- og vernepleiestudentar
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Dersom du ønskjer høgare stillingsprosent og vil arbeide i fleire einingar, så vil vi forsøke å legge til rette for det

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

KontaktinformasjonCamilla Andersen, Avdelingsleiar Elvebøen, 45877417, Synnøve Marie Nyberg, Avdelingsleiar Myroldhaug PHR, 99303014, synnove.marie.nyberg@stad.kommune.no Stine Takle Piel, Avdelingsleiar barnebustad, 41457801, stine.takle.piel@stad.kommune.no Ann Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 97723146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no ArbeidsstadMyroldhaugvegen 43 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5143339548 Stillingsprosent: 24, 15% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026

Om arbeidsgiveren:

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

www.nordfjord.no/stad

www.hjartestad.no