Er du fysioterapeut ?

Kinn kommuneKinnnavfeedbirt 21.10.2026

Über das Unternehmen

Fysio- og ergoterapiavdelinga i Kinn, avdeling Måløy, har ledig 100% fast stilling som fysioterapeut.

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Aufgaben

Stillinga som fysioterapeut har fokus på helsefremjande og førebyggande arbeid retta mot innbyggarar i alle aldrar. Stillinga inneber vurdering, rettleiing og behandling. Gjennom tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid og individuelt tilpassa tiltak, skal tenesta bidra til å fremje funksjon, meistring, deltaking og god helse gjennom heile livsløpet.

Hovudarbeidsoppgåver

  • Ha eit spesielt ansvar for tilbod til barn.
  • Gjere kartlegging og vurdering av brukaren sin fysiske funksjon.
  • Sikre gode og tilpassa treningsopplegg og bruk av systematisk verktøy.
  • Oppfølging gruppetrening.
  • Vere ein koordinator og sikre gode pasientforløp for brukarane som er inne til rehabilitering og korttidsopphald.

Andre aktuelle arbeidsoppgåver

  • Samhandle tverrfagleg med øvrig personale i ulike teneste, spesialisthelsetenesta, fysio- og ergoterapi tenesta i Kinn kommune.
  • Delta på tverrfaglege møter.
  • Ha god dialog med heimen, heimetenesta og andre samarbeidspartar for planlegging og evt. tilrettelegging i heimen som sikrar raskare behandling og restituering.
  • Administrative oppgåve som blant anna dokumentasjon i EPJ-system.
  • Lymfødem oppfølging.
  • Sikre rett bruk av hjelpemiddel, opplæring og oppfølging.

Anforderungen

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • Spesialkompetanse i lymfedrenasje eller er villig til å ta dette
  • Gode kunnskapar i norsk, både munleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
  • Gode datakunnskapar
  • Gyldig politiattest

Personlege eigenskapar

  • Er fleksibel, kreativ og løysingsorientert
  • Du er ein lagspelar og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Er fagleg oppdatert og engasjert
  • Gode kommunikasjonsferdigheite og samarbeidsevne
  • Godt humør og stå-på-vilje
  • Er sjølvstendig og tek ansvar
  • Målretta, strukturert og profesjonell
  • Å vere personleg skikka blir vektlagt
  • Er framtidsretta og har fokus på velferdsteknologi

Wir bieten

  • Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø
  • Fast 100% stilling på dagtid mandag – fredag
  • Faglege utfordringar
  • Personleg utvikling
  • Kompetanselønssystem
  • Tilrettelegg for kompetanseheving i tråd med tenesta sin kompetanseplan
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
  • God pensjonsordning

Bewerbung

Anita Norstrand, Avdelingsleiar , 415 36 130 Katrine Holvik Skinlo, Tenesteleiar, +47 97531483

Sonstiges

Kontorstad er på Kulatoppen omsorgssenter. Som fysioterapeut vil du jobbe i team med ein fysioterapeut og to ergoterapeutar.

Arbeidsstad Ytre Kulen 73 6718 Deknepollen

Referansenr.: 5194748272 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.11.2026

Tengiliðir

Tilgreint af vinnuveitanda í auglýsingunni — fyrir fyrirspurnir og umsókn þína.