Lærling portør

HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUSVestlandEURESbirt 25.08.2026

Portørar transporterar pasientar, medisinar og utstyr. I tillegg handterar ein avfall og reine/skitne senger på sjukehus. Portørar er ein viktig bidragsytar for god pasientflyt og effektiv logistikk for heile sjukehuset.

Som lærling får du eigen rettleiar/instruktør, og det er dermed tilrettelagt for individuell fagleg opplæring. Arbeidet kan være fysisk krevjande og innebærer mykje gåing. Du må like å arbeide med menneske og være i generelt god fysisk form.

Vi planlegg å tilsetje ein lærling i portørfaget med oppstart 01.10.2026. Læretida er to år.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene er tilpassa læreplanen sine kompetansemål
  • Turnus med arbeid kvar 3. helg

Kvalifikasjonar

  • Bestått VG1 – vidaregåande trinn 1
  • Bestått VG2 – vidaregåande trinn 2
  • Helse- og oppvekstfag: Ambulansefag - Helsearbeiderfag - Helseservicefag
  • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du kommuniserar og samarbeidar godt
  • Du er imøtekomande og syner respekt for pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du er punktleg og påliteleg

Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Variert arbeid
  • Fagleg og personleg oppfølging
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinkomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

KontaktinformasjonLeif Henning Vonen, Seksjonsleiar, (+47) 918 52 530 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 FØRDE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5170934511 Stillingsprosent: 100% Lærling Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 01.10.2028 Søknadsfrist: 09.09.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.