Arbeidsleiar Rigg
Er du ein tydeleg leiar med teknisk innsikt og interesse for verftsdrift? Vi ser etter deg som trivst med ansvar og som motiverast av å planleggje, koordinere og leie viktige aktivitetar innan nybygg, reparasjonar og dokkoperasjonar. Du tek initiativ, skapar struktur og bidreg til at prosjekt vert gjennomførte på ein trygg og effektiv måte. Hos Ulstein blir du ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø der samarbeid på tvers av fagområde står sentralt. Vi tilbyr ein variert arbeidskvardag med spennande utfordringar, høgt tempo og gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling. Søknader vert vurderte fortløpande.
Arbeidsoppgåver Planlegging og leiing av arbeid om bord i nybygg, på reparasjonsoppdrag og på anlegget
Bemanningskontroll over eigne og innleigde ressursar
Rapportering av framdrift i samsvar med planlagde aktivitetar Sørge for at anlegget til ei kvar tid vert halde i orden, og er ryddig Fokus på utøving av godt HMS-ansvar Ansvarleg for inn-/utdokking av skip Kvalifikasjonar Erfaring eller kjennskap til riggarbeid på skipsverft vil vere ein fordel
Leiarerfaring God teknisk forståing Gode datakunnskapar
Må beherske norsk og engelsk godt - skriftleg og munnleg Sjølv om du ikkje oppfyller alle kvalifikasjonane, oppmodar vi deg til å søkje. Personlege eigenskapar Fagleg interessert Positiv, engasjert og med god arbeidsmoral Sjølvstendig med høge krav til eige arbeid Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Stabil med stor arbeidskapasitet
Ryddig og strukturert
Resultatorientert og initiativrik Vi tilbyr Godt fagleg miljø Gode utviklingsmoglegheiter Fleksitidsavtale Gode forsikrings- og pensjonsordningar Interessante og varierte arbeidsoppgåver
Kontaktinformasjon Stig Slettebakk, Department Manager Outfitting & Steel, +47 91581013 Arbeidsstad Osnesvegen 110 6065 Ulsteinvik Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS
Referansenr.: 5171533518 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.09.2026
Kontaktpersoner
Angivet af arbejdsgiveren i opslaget — til spørgsmål og din ansøgning.
- Stig SlettebakkDepartment Manager Outfitting & Steel+47 91581013