Helsefagarbeidar ved Surnadal sjukeheim, fast og vikariat
SURNADAL SJUKEHEIM HAR LEDIG FASTE STILLINGAR OG VIKARIAT FOR HELSEFAGARBEIDARAR.
Stillingane inngår i turnus med arbeid 3.kvar helg eller langvakter på helg med arbeid 4.kvar helg. I tillegg kan andre stillingar og vikariat bli ledig.
Kommunen er i kontinuerleg utvikling. Det må difor påreknast at arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisatorisk tilknytning, kan bli endra i samsvar med behova i verksemda.
Om oss: Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi rom avsett til ØHD ( Øyeblikkelig Hjelp Døgnopphald) Nokre av våre ansatte har stillinga si, eller deler av stillinga si i ein Bemanningspool for sjukeheimen. Den utlyste stillinga inneheld muligheter for desse variasjonane.
Hos oss har vi stort fokus på:
- fagutvikling
- kvalitet i tenestene
- velferdsteknologi
- aktivitetar
- matglede
- refleksjon
Vi søkjer etter:
- helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og hjelpepleiarar med autorisasjon
- vi ønskjer oss både deg som er nyutdanna og deg som har erfaring
- du må kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne med tanke på dialog og dokumentasjon
Arbeidsoppgåver:
- oppgåver og ansvar i samsvar med utdanninga som helsefagarbeidar
- stell og pleie
- samhandling og tverrfagleg samarbeid
- veiledning og opplæring av elevar, vikarar og lærlingar.
- observasjon og dokumentasjon
- bruk av fagsystem, velferdsteknologi og digitale verktøy
Personlege eigenskapar:
Du er fagleg dyktig og engasjert i arbeidet ditt og er i stand til å ta ansvar og vere handlekraftig når det trengs. Du er endringsvillig og fokusert på å finne løysingar, noko som inneber at at du er fleksibel. Godt humør og gode samarbeidsevner er gode ferdigheiter vi sett pris på hos arbeidstakarane våre.
Det*er eit vilkår for tilsetting at det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest før oppstart. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.**
Vi kan tilby:
- fagleg utvikling
- godt arbeidsmiljø
- lønn etter gjeldande avtaleverk og kommunale tilsettingsvilkår
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- turnus med mogleg individuell tilpassing
- flyttegodtgjersle i hht kommunen sin personalplan
Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!
Følg oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Sjukeheimen har pr i dag 58 bebuarrom, fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demensssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi ein observasjonspost med 3 rom. Nokre av våre tilsette har heile eller delar av stillinga si o ein bemanningspool for sjukeheimen.