NAV Øygarden

NAV ØYGARDEN· Vestland· EURES· offentliggjort 31.07.2026

NAV Øygarden er ein spannande og utviklande arbeidsplass med omlag 80 tilsette fordelt over fire avdelingar. Vi har mellom anna ansvar for å yte tenester etter Folketrygdloven, NAV-loven og lov om sosiale tenester i NAV.

Vårt hovudfokus er å gje menneske med behov for bistand moglegheit for arbeid og aktivitet gjennom godt samarbeid med næringslivet. Vi skal også hjelpa til med å gjera menneske sjølvhjelpen.

NAV Øygarden har fått midlar frå Statsforvalteren til prosjekt familie pluss. Målet er å gje koordinert tverrfagleg innsats til barnefamiliar med lav inntekt. Familierettleiarane skal gje tett oppfølging av heile familien, ut frå familiens og særleg barnas behov over tid. Målet er å lage ei trygg ramme for heile familien. Kvar rettleiar skal følgje opp rundt 10 familiar.

Midlane frå Statsforvalteren er til to familierettleiarar i tre år, frem til august 2027. NAV-kontoret må rapportere til og ha statusmøter med Statsforvalter.

Nav-kontoret er under omorganisering, og familierettleiarane vert tilsett i oppfølgingsavdelinga vår.

Vi søkjer etter deg som er opptatt av utvikling, rettleiing og å motivera menneske. Du må kunne samarbeide med brukarar, jobbe sjølvstendig og i team. Du vil ha ein koordinerande rolle rundt familiane opp mot andre tenester i kommunen. Det er også aktuelt å sitte i samarbeidsgrupper med andre tenester.

Arbeidsoppgåver:

  • Kartlegge, avklare og følge opp brukar
  • Koordinere innsatsen rundt familiar du følger opp
  • Jobbe holistisk rundt familiar ut frå deira behov
  • Hjelpe familien med å kople på riktig hjelp og skape ein stabil økonomi
  • Råd, opplysning og rettleiing
  • Samarbeid med andre avdelingar i NAV og andre tenester i kommunen
  • Delta i arbeidet med å finne betre løysingar på tvers av tenester
  • Heimebesøk hos familiar og være med i møter på skule eller andre arenaer

Kvalifikasjonar:*Du må ha:**

  • Minst 3-årig høgare relevant utdanning
  • Bachelor i sosialt arbeid, helse- og sosialfag eller samfunnsfagleg utdanning

Ønskeleg med:

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode samarbeidsevner
  • God kunnskap om relasjonsbygging
  • Rettleiingskompetanse
  • God økonomisk forståing
  • Erfaring frå arbeid i NAV
  • Erfaring med å jobbe innanfor fleire datasystem

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å møte brukarar der dei er
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Evne til å bidra til å skape eit godt samarbeidsklima med brukar, kollega og samarbeidspartnar
  • Evne til å jobbe under press og vere strukturert og ryddig
  • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
  • Relevant arbeidserfaring og personlege eigenskapar vektleggas

Anna:

Arbeidsstaden er i nye lokalar på Solsio, ved sidan av Sartor senter.

Vikariatet er ledig fra 01.09.26 - 31.07.27

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk i Øygarden kommune

Kontakt:

Avdelingsleiar Service og velferd Lin-Torill Fjelde telefon 992 12 951 eller mail: lin.torill.fjelde@nav.no.

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.