Er du fysioterapeut ?
Über das Unternehmen
Fysio- og ergoterapiavdelinga i Kinn, avdeling Måløy, har ledig 100% fast stilling som fysioterapeut.
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Aufgaben
Stillinga som fysioterapeut har fokus på helsefremjande og førebyggande arbeid retta mot innbyggarar i alle aldrar. Stillinga inneber vurdering, rettleiing og behandling. Gjennom tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid og individuelt tilpassa tiltak, skal tenesta bidra til å fremje funksjon, meistring, deltaking og god helse gjennom heile livsløpet.
Hovudarbeidsoppgåver
- Ha eit spesielt ansvar for tilbod til barn.
- Gjere kartlegging og vurdering av brukaren sin fysiske funksjon.
- Sikre gode og tilpassa treningsopplegg og bruk av systematisk verktøy.
- Oppfølging gruppetrening.
- Vere ein koordinator og sikre gode pasientforløp for brukarane som er inne til rehabilitering og korttidsopphald.
Andre aktuelle arbeidsoppgåver
- Samhandle tverrfagleg med øvrig personale i ulike teneste, spesialisthelsetenesta, fysio- og ergoterapi tenesta i Kinn kommune.
- Delta på tverrfaglege møter.
- Ha god dialog med heimen, heimetenesta og andre samarbeidspartar for planlegging og evt. tilrettelegging i heimen som sikrar raskare behandling og restituering.
- Administrative oppgåve som blant anna dokumentasjon i EPJ-system.
- Lymfødem oppfølging.
- Sikre rett bruk av hjelpemiddel, opplæring og oppfølging.
Anforderungen
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
- Spesialkompetanse i lymfedrenasje eller er villig til å ta dette
- Gode kunnskapar i norsk, både munleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
- Gode datakunnskapar
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel, kreativ og løysingsorientert
- Du er ein lagspelar og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- Er fagleg oppdatert og engasjert
- Gode kommunikasjonsferdigheite og samarbeidsevne
- Godt humør og stå-på-vilje
- Er sjølvstendig og tek ansvar
- Målretta, strukturert og profesjonell
- Å vere personleg skikka blir vektlagt
- Er framtidsretta og har fokus på velferdsteknologi
Wir bieten
- Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø
- Fast 100% stilling på dagtid mandag – fredag
- Faglege utfordringar
- Personleg utvikling
- Kompetanselønssystem
- Tilrettelegg for kompetanseheving i tråd med tenesta sin kompetanseplan
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- God pensjonsordning
Bewerbung
Anita Norstrand, Avdelingsleiar , 415 36 130 Katrine Holvik Skinlo, Tenesteleiar, +47 97531483
Sonstiges
Kontorstad er på Kulatoppen omsorgssenter. Som fysioterapeut vil du jobbe i team med ein fysioterapeut og to ergoterapeutar.
Arbeidsstad Ytre Kulen 73 6718 Deknepollen
Referansenr.: 5194748272 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.11.2026
Kontaktpersoner
Angivet af arbejdsgiveren i opslaget — til spørgsmål og din ansøgning.
- Anita NorstrandAvdelingsleiar415 36 130
- Katrine Holvik SkinloTenesteleiar+47 97531483