Idrettspedagog 100%

AIR OSLOOsloEURESoffentliggjort 29.10.2026

Om selskapet

Ved vår avdeling i Oslo skal vi januar 2027 starte eit nytt rehabiliteringstilbod for personar med langvarige muskel- og bløtdelssmerter. Stillinga vil primært vera knytt til det tilbodet.

Om arbeidsgiveren Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande, ideell institusjon i spesialisthelsetenesta, og har sidan 1986 hjelpt personar med samansette helseutfordringar. AiR er oppteken av å tilby og utvikle kunnskapsbaserte rehabiliteringsløp, og brukar digitale løysingar både før, under og etter fysiske tilbod.

AiR har klinikk for rehabilitering med overnatting i Rauland og poliklinisk tilbod i Oslo. Tilboda er gruppebaserte og tverrfaglege. I fagteama inngår lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent, idrettspedagog og psykolog/samtaleterapeut.

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver

  • Leie varierte undervisning- og treningsaktivitetar i gruppe
  • Bidra med observasjonar inn i det tverrfaglege teamet
  • Særfagleg oppfylging og samtalar ved behov
  • Bidra i utviklingsarbeid

Krav

Vi ser etter desse kvalifikasjonane /eigenskapane

  • Min. bachelor i relevant fordjuping i idrett-/bevegelsesvitenskap
  • Erfaring i å formidle helsepedagogikk og nytte motivasjonsteoriar i praksis
  • Blikk for tverrfaglege funksjonsvurderingar
  • Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • Interesse for å ta i bruk nye teknologiske verktøy i samband med undervisning/aktivitet
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Søknad

For meir informasjon, kontakt Fysioterapeut/prosjektleiar for nytt smertetilbod: Hugo Øren, tlf. 35 06 20 86, hugo.oren@air.no

Klinikkleiar AiR Oslo: Guri Sogn-Larssen, tlf. +47 414 33 433, guri.sogn-larssen@air.no

Søknadsfrist:15. november 2026.*

Søk på stillinga: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/

Annet

Rehabiliteringssenteret AiR Oslo Idrettspedagog 100% Engasjement i perioden 01.01.27-30.06.27 med moglegheit for forlenging